Klenkarberget Sommarcamp er ein frivillig organisasjon og tilbyr aktivitetstilbod for barn og unge. Aktivitetane våre er for barn og unge frå heile Stad kommune, for barn i nabokommunane og for andre tilreisande barn.

 

Påmeldinga for Klenkarberget Sommarcamp 2023 opnar torsdag 09. mars kl. 18.00

 

Camp Adventures 2021veke 25 og 26 (21. juni - 2. juli)  
Sommarcamp 2023
21. juni- 21. juli (veke 25-29)

SpringFall 2023 

21.- 22. april: Overnatting (2016-2010)
19.- 20. mai: På rett spor - lett (2016-2010)
20. - 21. mai: Rafting i Jølstra (2010-2007)
10. - 11. juni: Klatring på Sagefloten (2016-2007)
15. - 16. juni: Overnatting (2017)
3. - 5. august: På rett spor - hard (2012-2007)
18. - 19. august: Overnatting (2016-2010)
2. - 3. september: Surfing på Stad (2016-2010)
8. - 9. september: Surfing på Stad (2010-2007)
28. -29 oktober: På rett spor - medium (2016-2011)
Camp Adventure 2023
21. juni- 7.juli (veke 25-27)
Camp Expedition 2023
21. juni - 7.juli (veke 25-27)

 

Info for 2023:

Klenkarberget Sommarcamp har eit samarbeid med Stad kommune og dette gjer at vi kan halde ein lav deltakarpris for Sommarcamp.

Camp Adventure og Camp Expedition er eit tilbod for dei eldste camparane, og med meir krevjande aktivitetar som ikkje er dekka gjennom tilskotsordninga frå kommunen, men vi velgjer likevel å ha same pris som på Sommarcamp. I 2023 sluttar skulen tysdag 20. juni og vi startar derfor opp onsdag 21. juni. Veke 25 inneheld derfor tre campdagar og påmelding er på kr. 720 for denne veka. Søskenrabatt og vekerabatt gjeld for veke 26 til veke 29, og vi har følgjande pristabell for 2023. 

 

 Tal veker 1 2 3 4
Tal barn
1 kr 1200 kr 2280 kr 3120 kr 3720
2 kr 2280 kr 4160 kr 5580 kr 6540
3 kr 3120 kr 5580 kr 7360 kr 7630
4 kr 3720 kr 6540 kr 7630 kr 9820

 

Har du barn som skal vere med i forskjellige tal veker, må du betale inn to forskjellige summar. Eksempel: Om eitt barn skal vere med i ei veke og eitt anna barn skal vere med i to veker, må ein betale kr. 1200 + kr. 2280.

Har du eitt barn som skal vere med i veke 25, 26 og 27, betalar du inn kr. 720 for veke 25, og kr. 2280 for veke 26 og 27.

 

Ved påmelding blir det automatisk tilsendt ein e-post med stadfesting av registrert informasjon. Denne e-posten vert sendt til den e-postadressa som er oppgitt ved registrering. I e-posten vert det også gjeve informasjon om innbetalingsbeløp og kontonummer.  Vårt kontonummer er 3705.48.80554, tilhøyrande Klenkarberget Sommarcamp. Om de ikkje kan finne e-posten, sjekk søppelpost før de tar kontakt med oss.  

Nyhende

SpringFall - Surfing på Stad (Avlyst)

Begge surfeaktivitetane i haust er dessverre avlyst.


På grunn av strengare reglar frå instruktørselskapa (der barna blant anna må ha med ein føresett kvar) og høge prisar er dessverre SpringFall- aktivitetane 2.-3. september og 8.-9. september avlyst. Dei som allereie er påmeldt vil få tilbakebetalt påmeldingsavgifta.


Sjå fleire saker