Camp Adventure vart introdusert i 2014 og er eit tilbod til camp-deltakarane frå 4.- 7. klasse.

 

Camp Adventure vil ha fullspekka dagar i naturen og ha noko andre aktivitetar enn Sommarcampen. På Camp Adventure skal ein ha det morosamt, ein skal leike, ein skal bygge og ein skal lære.  Det blir aktivitetar i og rundt elv, skog, vatn og fjell. Camp Adventure er eit spanande og lærerikt sommareventyr!

 

Basen for Camp Adventure vil vere i Hjelmelandsdalen og oppmøtestad vil vere ved varmestova. Opningstida for Camp Adventure er måndag til fredag frå kl. 07.30 – 16.00. Borna vil få servert eit lunsjmåltid midt på dagen og eit fruktmåltid på ettermiddagen.

 

I veke 26 vil temaet vere "Skog og fjell", mens det i veke 27 vil vere "Elv og vatn". Vi legg dermed opp til to veker med forskjellig innhald. Veke 25 er på tre dagar og har ikkje eit spesielt tema.