23.-24. september var det Surfing på Stad og for ei helg vi fekk.

 

Bakgrunn
Klenkarberget Sommarcamp blir arrangert i fire veker kvar sommar etter skuleslutt. I 2017 har vi utvida tilbodet, og har hatt tre aktivitetar på våren og hausten. Overnatting i klubbhuset på Klenkarberget vart arrangert i mars, der 21 barn planla, kjøpte inn og laga sin eigen mat. I tillegg var det aktivitetar i nærmiljøet, både inne og ute. Den andre aktiviteten i mai vart dessverre avlyst, mens det førre helg var klart for den siste aktiviteten - Surfing på Stad.
P1020927 Kopi

Dagen var komen
Datoen for aktiviteten vart sett i januar og vi kunne ikkje vore heldigare med val av helg. Laurdag morgon sto tolv barn i sola på Klenkarberget og var veldig klar for ei helg utanom det vanlege. Sommarcampen ordna transport til Hoddevika og med allsong på vegen vart bilturen kortare. Vel framme var det å åle seg inn i våtdrakta og finne eit surfebrett. Vi leigde alt av utstyr med Stad Surfing og fekk også eit surfekurs på to timar. Tidlegare erfaringar med surfing var minimale med dei fleste, men etter litt tørrtrening og nokre forsøk i vatnet, tok det ikkje lang tid før fleire sto oppreist i bølgjene. Etter fullført kurs, var det tid for lunsj, før alle igjen var klare for å kaste seg ut i Stadhavet. 

P1020934 Kopi
P1020947 Kopi
Majestetisk stemning
Leiarane hadde fått beskjed på morgonen om at det var venta storstilt besøk frå to grupper denne dagen. I tillegg til Klenkarberget Sommarcamp, skulle også Kronprinsen med familie vere i Hoddevika. Og i lunsjen fekk alle barna nyss i dette. Motivasjonen for å setje i gong med andre del av surfinga var stor nok frå før og når dei fekk vete at kongelege surfa berre 100 meter lenger borte, vart den skyhøg. Høflege som vi er, heldt vi god avstand i vatnet, men tankane svirra med mange av barna. Korleis skal eg få tatt bilete med dei kongelege? Etter endå nokre timar på surfebrettet og det var tid for dusj og stell, ordna det seg sjølv. Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette- Marit, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus var også ferdige med surfinga og brukte same lokale som oss for å vaske av seg saltvatn og sand. Dei var i området ei god stund, og hyggelege som dei er, stilte dei velvillig opp på bilete og sette ein ekstra spiss på eit flott opphald for barna.
P1020967
Resten av opphaldet
På kvelden vart det tacofest, laurdagsgodt, spel, prat, rullebrett, sparkesykkel, tur på stranda og avslapping på soverom og fellesrom, før vi fann roen i god tid før midnatt. Med ein god frukost på søndagen og ein morgontur til molen, nytta deretter dei fleste høve til å kaste seg ut i bølgjene på nytt. Denne gong med badekle og utan brett, men med ein ny varm septemberdag var ikkje dette noko problem. Vi sette kursen heimover på ettermiddagen og det var ein trøytt, glad, stolt og fornøgd surfegjeng som kom tilbake.
P1030014 Kopi
Vidare tilbod
SpringFall 2017 er dermed historie, men vi kjem garantert til å utvikle tilbodet vidare. Om det blir same aktivitetane i 2018 eller om vi bytar ut med andre spanande tilbod, står att å sjå. Etter ein liten evaluering med barna på Stad, var i alle fall dei klare på at dei var klare for ny surfetur til neste år.