Sesongen 2018 er i gong og fredag 9.mars var det overnatting i klubbhuset på Klenkarberget.

 

19 barn var påmeldt og møtte opp på Klenkarberget klokka 17.00. Den første timen gjekk med til litt spel og leik, før alle barna sette i gong med å lage til dagens hovudmåltid.

P1120061 Kopi

Lefsene gjekk unna og med drikke frå NorDrikk, var energinivået på topp. Etter opprydding, spel og gøyme og leite, var det derfor tid for ein tur ut i mørket.

P1120067

Barna delte seg i grupper og skulle ved hjelp av lommelykter finne godteri som var gøymt innanfor eit avgrensa område. Litt skummelt, litt spanande og veldig kjekt. Når vi kom inn igjen, var alle klare for å lage til sengeplassane, og kvelden vidare gjekk med til samtalar, eventyr og skumle historier. 

P1120075 Kopi

Rundt klokka 22 hadde alle funne roen og mens nokre fann søvnen fort, vart det nærare midnatt før det var stilt i alle krokar. Morgonen gjekk med til frukost, pakking, spel og leik. Henting kl. 11.00 og barna reiste heim trøytte og fornøgde.

P1120082 Kopi

Neste arrangement blir SpringFall - På rett spor, 19. mai. Meld dykk på. Dette blir nok ei artig og flott oppleving.