Snart klart for årets Klenkarberget Sommarcamp.

Det meste av informasjon skal de finne på sida her. Vi har fått veldig mange påmeldingar til første veka og vi har derfor dessverre ikkje kunne tilby plass til alle. Men, vi har ledige plassar i veker 27,28 og 29.

På grunn av ekstremt forsinka leveranse, har vi ikkje fått inn t-skjortene som vi har bestilt. Vi må derfor bruke dei t-skjortene vi har på lager. Dette vil medføre til at nokre vil få veldig store t-skjorter første dagen. So håpar vi at leveransen kjem ein av dei første dagane. Dei som har t-skjorter frå tidlegare år, kan ta med desse.