Vi opnar for påmelding i dag, 12.03.20, kl. 18.00. Med unntakstilstand i landet per dags dato, vil vi gjerne informere litt.

Vi køyrer påmelding som vanleg i kveld. Vi håpar at kvardagen vil normalisere seg i tida framover og at Klenkarberget Sommarcamp vil bli gjennomført som vanleg. Samtidig vil vi følgje råda nasjonalt og kommunalt om kva som er best å gjere til ei kvar tid.

Skulle det vise seg at Klenkarberget Sommarcamp blir avlyst, vil alle få tilbakebetalt påmeldingsavgifta når sommaren nærmar seg.

 

SpringFall - aktiviteten "Overnatting"  27,- 28. mars vil bli utsatt og vi vil kome tilbake til ny dato på eit seinare tidspunkt.