Vi har fått mange spørsmål om Klenkarberget Sommarcamp 2020 vil bli arrangert. Vi har vore i møte med Stad kommune og kommuneoverlege og kan informere om følgjande:

 

Om smittesituasjonen og retningslinjene er som no, vil Klenkarberget Sommarcamp bli arrangert som normalt. Med nokre små justeringar i organiseringa, vil vi fint klare å gjennomføre i høve retningslinjene. Ønskjer du å melde på, gjer du det her: sommarcamp.no/pamelding

Vi har også fått klarsignal på å gjennomføre "SpringFall" - aktivitetane. "På rett spor" går som planlagd 22.-23. mai for barneskuleelevar og 31.mai- 01. juni for ungdomskuleelevar. Her er det berre 20 plassar, so det er berre å melde seg på. Vi held også på å finne ein ny dato for "Overnatting" som skulle ha blitt arrangert 27.-28. mars. sommarcamp.no/springfall

Vi er dermed veldig positive, men må sjølvsagt ta atterhald om at smittesituasjonen ikkje blir verre og nye retningslinjer fører til at det blir avlyst.

Meir informasjon om korleis vi skal organisere oss for å halde oss innanfor retningslinjene vil kome nærare oppstart. Om nokon likevel har spørsmål, kan de sende desse til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.