E-post er sendt ut til alle påmelde. Informasjonen finn du også her.

Hei.

 
I tillegg til informasjonen som allereie er utsendt og som står på heimesida vår www.sommarcamp.no, vil vi med denne e-posten informere om endringar i organisering og rutinar i høve covid -19. 
 
Retningslinjer ligg som vedlegg. (Denne kan bli oppdatert og gjeldane versjon vil alltid ligge ute på heimesida vår). I tillegg nemner vi nokre praktiske punkt som alle bør merke seg:
 
* Vi har delt inn Klenkarberget i fire områder. So lenge ein oppheld seg på Klenkarberget skal gruppene halde seg på sitt område. På morgonen vil underteikna på måndag stå ved parkeringa og vise kva område barna skal gå til. Pass på å hald avstand ved eventuell kø. Seinare i veka går ein direkte til sitt område, der ein leiar vil sjekke inn barnet. Ved henting skal barna gå direkte frå sitt område til føresette/bilen. Føresette skal ikkje ha kontakt med andre barn enn sitt eige.
 
* På Camp Adventures vil det i veke 26 vere delt inn i to grupper. 2010 har basen sin i ein lavvo, mens alle andre har basen sin inne i varmestova.
 
* Alle barn må ta med seg utstyret fram og tilbake, kvar dag. Ein kan derfor pakke etter behovet den enkelte dagen.
 
* Alle som må låne redningsvest, må ordne dette sjølve gjennom BUA. https://www.bua.io/utlansordninger/bua-eid 
Ein er sjølve ansvarlege for å levere dette tilbake.
 
* Ber alle om å sjekke e-posten som kom etter påmelding. Sjå etter at all informasjon er riktig. Namn, fødselsdato, telefonnummer osb. Blant anna er det mange som ikkje har kryssa av for bilete og video. Desse barna vil ikkje bli tatt bilete av, so lenge ein ikkje sender ein e-post om at dette er feil.
 
* Meir informasjon kan kome. Ber alle om å sjekke heimesida regelmessig framover.

MVH
Henning Haugen

Klenkarberget Sommarcamp