Informasjon om Klenkarberget Sommarcamp 2021.

 

Som i fjor er det usikre tider når vi opnar opp for påmelding. Og som i fjor har vi stor tru på at vi vil få gjennomføre Sommarcampen. Vi er godt nøgde med gjennomføringa av fjorårets arrangement og er alltid innstilt på å tilpasse oss etter dei gjeldande retningslinjene. Om det skulle vise seg at Klenkarberget Sommarcamp blir avlyst, vil alle få tilbakebetalt påmeldingsavgifta før sommaren.

 

Vi køyrer same pristabell som i fjor, med gode rabattar for søsken og for dei som melder seg på i fleire veker.

 

Årets nyhende er Camp Expedition, som er eit eige opplegg for barn som har gått i 6.-7. klasse. 

 

Meir informasjon finn de andre plassar på sida vår.