-
Ryggsekk
-
Kle og sko etter vêrforholda (også skiftekle)
-
Handkle
-
Badekle (for dei som vil bade)
-
Redningsvest (kan lånast. Kontakt BUA Eid)
-
Solkrem
-
Drikkeflaske
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR!
Påmelding opnar 11. mars kl. 18.00 her på heimesida.
Klenkarberget Sommarcamp er frå kl. 07.30 til kl. 16.30, måndag til fredag. Barna skal kvar dag registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl. 16.30. Det er viktig at dei kjem og reiser mellom desse tidspunkta slik at vi kan få gjennomført turar. Er det noko spesielt enkelte dagar som gjer at ein må avtale andre tidspunkt for henting og levering så ordnar vi sjølvsagt dette.
Opningstida på Camp Adventure er frå kl. 07.30 til kl. 16.00, måndag til fredag. Barna skal kvar dag registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl.16.00.
Opningstida på Camp Expedition er frå kl. 07.30 til kl. 16.00, måndag til fredag. Barna skal registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl. 16.00. Unntaket er ekspedisjonen frå torsdag til fredag, då barna blir levert torsdag morgon og blir henta fredag ettermiddag.
Campdeltakarane på Sommarcamp, Camp Adventure og Camp Expedition får servert gode lunsjmåltid, i tillegg til fruktmåltid på ettermiddagen. Vi ber om at deltakarar med matintoleranse, allergiar o.l. gjev oss informasjon om dette i påmeldingsskjemaet og at desse har med eigen mat når dette er nødvendig.
Vi gjer merksam på at personleg utstyr som blir teke med på Sommarcampen er på eige ansvar!
Ryggsekk
Kle og sko etter vêrforholda (også skiftekle)
Handkle
Badekle (for dei som vil bade)
Redningsvest (kan lånast. Kontakt BUA Eid)
Solkrem
Drikkeflaske
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR!
Klenkarberget Sommarcamp har eit samarbeid med Stad kommune og dette gjer at vi kan halde ein lav deltakarpris for Sommarcamp. Camp Adventure og Camp Expedition er eit tilbod for dei eldste camparane, og med meir krevjande aktivitetar som ikkje er dekka gjennom tilskotsordninga frå kommunen, men vi velgjer likevel å ha same pris som på Klenkarberget Sommarcamp. Vi held fram med søskenrabatt og vekerabatt, og har følgjande pristabell for 2021.
Tal veker | 1 | 2 | 3 | 4 | |
Tal barn | |||||
1 | 1100 | 2090 | 2860 | 3410 | |
2 | 2090 | 3815 | 5115 | 6000 | |
3 | 2860 | 5115 | 6750 | 6995 | |
4 | 3410 | 6000 | 6995 | 9005 |
Har du barn som skal vere med i forskjellige tal veker, må du betale inn to forkjellige summar. Eksempel: Om eitt barn skal vere med i ei veke og eitt anna barn skal vere med i to veker, må ein betale kr. 1100 + kr. 2090.
Ved påmelding blir det automatisk tilsendt ein e-post med stadfesting av registrert informasjon. Denne e-posten vert sendt til den e-postadressa som er oppgitt ved registrering. I e-posten vert det også gjeve informasjon om innbetalingsbeløp og kontonummer. Vårt kontonummer er 3705.19.76429, tilhøyrande Klenkarberget Sommarcamp v/Haugen idrettslag. Om de ikkje kan finne e-posten, sjekk søppelpost før de tar kontakt med oss.
Syklane og noko av utstyret kan setjast igjen på Harpefossen, der det vil bli låst kvar dag.
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR!
Vi har sjølvsagt stort fokus på tryggleik på Sommarcampen! Vi har utarbeidd gode retningslinjer og rutinar som skal vere godt kjend også for barna som deltek på Klenkarberget Sommarcamp, Camp Adventure og Camp Expedition.
Før Sommarcampen startar har alle dei tilsette vore tilstades på informasjonsmøte om førstehjelp. Alle aktivitetar skjer i trygge rammer og med tilpassa sikkerheitsutstyr for dei aktivitetane som krev dette.
Våre aktivitetsleiarar har fokus på å gjere sommardagane for alle barna så opplevingsrike og kjekke som mogleg! Aktivitetsleiarane har pedagogisk og/eller idrett/helse-fagleg utdanning, og fleire av dei har jobba på Sommarcampen i mange år. I tillegg har vi assistentar og frivillige gjennom idrettslaget som er med å gjere Sommarcampen til ei fantastisk oppleving for barna.
Barna vil få utdelt Sommarcamp – uniform første dagen og vi presiserer at dette skal brukast kvar dag.
Barna vil få servert eit næringsrikt måltid til lunsj og eit fruktmåltid på ettermiddagen.
Vi ber om at ein legg igjen godteri og teknologiske duppeditter heime. Har ein med seg telefon, skal denne ligge i sekken og berre brukast etter avtale med aktivitetsleiar. Alt av personleg utstyr blir tatt med på eige ansvar.
Retningslinjene forandrar seg stadig. Her er retningslinjene vi hadde i 2020. Denne vil bli oppdatert nærare oppstart.
Syklane og noko av utstyret kan setjast igjen på Harpefossen, der det vil bli låst kvar dag.
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR!
Eiga pakkeliste til overnattingsturen kjem på eit seinare tidspunkt.