Praktisk informasjon
Påmelding for Sommarcamp, Camp Adventure og Camp Expedition opnar 7. mars kl. 18.00 her på heimesida.
Klenkarberget Sommarcamp er frå kl. 07.30 til kl. 16.30, måndag til fredag. Barna skal kvar dag registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl. 16.30.
Opningstida på Camp Adventure er frå kl. 07.30 til kl. 16.00, måndag til fredag. Barna skal kvar dag registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl.16.00.
Opningstida på Camp Expedition er frå kl. 07.30 til kl. 16.00, måndag til fredag. Barna skal registrerast inn mellom kl. 07.30 og kl. 09.00, og registrerast ut mellom kl. 15.00 og kl. 16.00. Unntaket er ekspedisjonen frå torsdag til fredag, då barna blir levert torsdag morgon og blir henta fredag ettermiddag.
Gjeld alle
Det er viktig at ein registrerer barna når ein kjem om morgonen og at barna blir registrert ut ved henting. Om det er noko spesielt som gjer at ein kjem seinare på morgonen, eller skal bli henta tidlegare på ettermiddagen er det viktig at ein avtalar dette på førehand.
Barna vil få utdelt Sommarcamp – uniform første dagen og vi presiserer at dette skal brukast kvar dag.
Barna får servert gode lunsjmåltid, i tillegg til eit fruktmåltid på ettermiddagen. Vi ber om at deltakarar med matintoleranse, allergiar o.l. gjev oss informasjon om dette i påmeldingsskjemaet og at desse har med eigen mat når dette er nødvendig.
Vi ber om at ein legg igjen godteri og teknologiske duppeditter heime. Har ein med seg telefon, skal denne ligge i sekken og berre brukast etter avtale med aktivitetsleiar. Alt av personleg utstyr blir teke med på eige ansvar.
Barna på Klenkarberget Sommarcamp må ha med seg
- Ryggsekk
- Kle og sko etter vêrforholda (også skiftekle)
- Handkle
- Badekle (for dei som vil bade)
- Eventuelt sandalar for bruk i vatn
- Redningsvest (kan lånast. Kontakt BUA Eid)
- Solkrem
- Drikkeflaske
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR! Ta gjerne med tusj for merking første dag.
Barna på Camp Adventure må ha med seg
- Ryggsekk
- Gode kle og sko etter vèrforholda (også skiftekle)
- Handkle
- Badekle
- Redningsvest (kan lånast, kontakt BUA Eid)
- Eventuelt sandalar for bruk i vatn
- Sykkel og sykkelhjelm (sjekk om alt er i orden. bremser osb.)
- Solkrem
- Drikkeflaske
- Myggspray
- Dopapir
Syklane og noko av utstyret kan setjast igjen på Harpefossen, der det vil bli låst kvar dag.
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR! Ta gjerne med tusj for merking første dag.
Barna på Camp Expedition må ha med seg
- Ryggsekk
- Gode kle og sko etter vèrforholda (også skiftekle)
- Handkle
- Badekle
- Redningsvest (kan lånast, kontakt BUA Eid)
- Eventuelt sandalar for bruk i vatn
- Sykkel og sykkelhjelm (sjekk om alt er i orden. bremser osb.)
- Solkrem
- Drikkeflaske
- Myggspray
- Dopapir
- Syklane og noko av utstyret kan setjast igjen på Harpefossen, der det vil bli låst kvar dag.
MERK ALT AV KLE OG UTSTYR!
Eiga pakkeliste til overnattingsturen kjem på eit seinare tidspunkt.
Tryggleik og Ansvar
Vi har sjølvsagt stort fokus på tryggleik på Sommarcampen! Vi har utarbeidd gode retningslinjer og rutinar som skal vere godt kjend også for barna som deltek på Klenkarberget Sommarcamp, Camp Adventure og Camp Expedition.
Før Sommarcampen startar har alle dei tilsette vore tilstades på informasjonsmøte om førstehjelp. Alle aktivitetar skjer i trygge rammer og med tilpassa sikkerheitsutstyr for dei aktivitetane som krev dette.
Våre aktivitetsleiarar har fokus på å gjere sommardagane for alle barna så opplevingsrike og kjekke som mogleg! Vi prøver å tilsette aktivitetsleiarar med pedagogisk og/eller idrett/helse-fagleg utdanning, og fleire av dei har jobba på Sommarcampen i mange år. I tillegg har vi assistentar og frivillige som er med å gjere Sommarcampen til ei fantastisk oppleving for barna.
Barn som treng medisin
Skal dei tilsette gje barna medisin, må føresette fylle ut eit skjema for dette. AVTALE OM MEDISINERING AV BARN PÅ KLENKARBERGET SOMMARCAMP
Skjemaet må fyllast ut og sendast på e-post eller skrivast ut og leverast første dag. Om ein ikkje veit kven av dei tilsette som er på barna sin gruppe, kan ein skrive «alle tilsette på Klenkarberget Sommarcamp» på linja over kven som kan gje barnet medisin.
Ein kan også få utdelt skrivet og fylle ut første dag.
Meny
Menyen for 2024.
Pizzasnurr
Ingredienser: Soyaprotein (58%), krydder og urter (løk, spisskummen, chilipepar, kvitlauk, oregano), druesukker, salt, sukker, potetstivelse, gjærekstrakt, antiklumpningsmiddel (siliciumdioxid), syre (sitronsyre), aroma, kveite, ost, selleri, kylling.
Allergen: Kveite, ost, soya, selleri.
Ostesnurr
Ingredienser: Kveitemjøl, salt, gjær, ost.
Allergen: Kveite, ost.
Pølsegrateng
Ingredienser: Fullkorn makaroni, kalkun/kyllingpølse, kvitlauk, pepar, mjølk, sennep, chili, salvie, kvitost og margarin.
Allergen: Kveite, mjølk, sennep.
Lasagne
Ingredienser: Lasagneplater, kyllingkjøtdeig, stivelse, tomat, mjølk, ost, salt, sukker, aroma, lauk, rapsolje, syre (sitronsyre), krydder, fargestoff (paprikaekstrakt), kvitlauk, gulrotekstrakt, persille.
Allergen: Kveite, mjølk.
Fiskekaker
Ingredienser: Skumma mjølk, kvitfisk 41% (surimi a-kvalitet alaska polloc, proteinbeskytta fiskematfarse, fersk fisk), nativ- og medifisert stivelser, rapsolje, soyaprotein, salt og krydder.
Allergen: Fisk, mjølk, soya.
Meksikansk gryte
Ingredienser: Fullkorn ris, soyaprotein (58%), krydder og urter (løk, spisskummen, chilipepar, kvitlauk, oregano), druesukker, salt, sukker, potetstivelse, gjærekstrakt, antiklumpningsmiddel (siliciumdioxid), syre (sitronsyre), aroma.
Allergen: Soya.
Suppe
Ingredienser: Maskinelt utbeina kylling- og kalkunkjøt (47 %), vatn, kalkunkjøt (17 %), potetmjøl, salt, modifisert stivelse e1414, dekstrose, krydder, røykaroma, antioksidant e315, konserveringsmiddel e326, e261, e250, gulrot, potet og purrelauk.
Allergen: Selleri.
Kjøtbollar og potetstappe
Ingredienser: Storfekjøt 62 %, vatn, lauk, potetmjøl, poteter, salt, potetfiber, potetprotein, krydder.
Allergen:
Potetstappa er posestappe tilsatt mjølk.
Elles serverer vi frukt, grønsaker og brød med smør (brød frå Bakehuset Tunold).
Prisar og betalingsinformasjon
Pristabell
1 veke | 2 veker | 3 veker | 4 veker | |
1 barn | 1200 | 2280 | 3120 | 3720 |
2 barn | 2280 | 4160 | 5580 | 6540 |
3 barn | 3120 | 5580 | 7360 | 7630 |
4 barn | 3720 | 6540 | 7630 | 9820 |
Rabattabellen for søsken gjeld so lenge dei er påmeldt i same tal veker. (Eks: Skal eit barn vere med i ei veke og eit anna barn vere med i to veker, må ein betale inn ein sum på kr. 1200 og ein sum på kr. 2280). Betalast inn til kontonummer: 3705.48.80554 innan 14.03.24 eller so snart som råd om påmeldinga er etter denne datoen. Merk innbetalinga med namn på deltakar. Det vert ikkje refundert deltakaravgift dersom ein ønskjer å seie frå seg plassen seinare. Alle deltakarar blir automatisk medlem i Klenkarberget Sommarcamp. Medlemsavgift er inkludert i påmeldingsavgifta.