Retningslinjene i høve Covid - 19. Siste versjon.
2022
Covid – 19, retningslinjer
Vi har ingen spesielle retningslinjer i høve Covid - 19 i 2022, men vidarefører nokre av reglane som vi har hatt siste åra, for praktiske omsyn og gode rutinar.
Organisering
Vi deler barna inn i grupper og gruppene held seg på sitt avgrensa område på Klenkarberget når alle gruppene er samla. Unntaket er fotballbana, som alltid er åpen for alle. Om ei gruppe er på tur, kan denne gruppa sitt område bli brukt av ei anna gruppe.
Alle gruppene har eigne toalett.
Sjuke barn og tilsette skal ikkje vere på Klenkarberget Sommarcamp
Vi tilbakebetalar i utgangspunktet ikkje for fråvere knytta til sjukdom. Ved stort fråvere kan ein søke om refusjon på e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og desse vil bli vurderte etter gjennomføringa av Klenkarberget Sommarcamp.
God hygiene
Vi brukar våtserviettar og/eller antibac når vi:
- Startar dagen
- Før måltid
- Etter toalettbesøk (såpe og vatn når vi har tilgang på dette)
- Etter kontakt med kroppsvæsker
- Etter kontakt med dyr
Reinhald
Lokala inne blir vaska før oppstart.
Lokala inne blir vaska regelmessig.
Mat
To personar har ansvar for å lage til maten på morgonen. Berre desse personane kan vere på kjøkenet i dette tidsrommet.
God handhygiene er viktig på kjøkenet og ein skal alltid vaske hender når ein kjem inn i rommet.
16.06.22
Henning Haugen
- leiar
Klenkarberget Sommarcamp