SpringFall vart starta opp i 2017 og er stadig i utvikling. I 2023 kan vi tilby desse aktivitetane:

 

(Fødselsår i parantes)

21. - 22. april: Overnatting (2016-2010) 200 kr.
19. - 20. mai: På rett spor - lett  (2016-2010) 400 kr.
20. - 21. mai: Rafting i Jølstra (2010-2007) 600 kr. 
10. - 11. juni: Klatring på Sagefloten (2016-2007) 600 kr.
15. - 16. juni: Overnatting (2017) 200 kr.
3. - 5. august: På rett spor- hard (2012-2007) 800 kr.
18. - 19. august: Overnatting (2016-2011) 200 kr.
2. - 3. september: Surfing på Stad (2016-2010) 600 kr. (Dessverre avlyst på grunn av strengare krav frå instruktørselskapa).
8. - 9. september: Surfing på Stad (2010-2007) 600 kr. (Dessverre avlyst på grunn av strengare krav frå instruktørselskapa).
28. - 29. oktober: På rett spor - medium (2016-2011) 400 kr.
 


Påmelding med fullt namn og fødselsår til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Dato: 21. april kl. 18.00 – 22. april kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 200 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 17. april
Innhald: Vi inviterer til overnatting i hengekøye. Om vèret er veldig dårleg har vi backup innandørs.

Dato: 19. mai kl. 10.00 – 20. mai kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 400 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 13. mai
Innhald: Oppmøte på Klenkarberget eller anna oppgitt adresse i nærområdet, der vi går gjennom reglar og planlegg det neste døgnet. Ved hjelp av kart, kompass og kjekke oppgåver skal barna finne den rette vegen. På dei forskjellige etappane vil barna i tillegg til beina bruke forskjellige framkomstmidlar. Samarbeid, planlegging, retningssans og motorikk blir testa, og det sosiale er i høgsetet gjennom heile turen. Ei overnatting. Tre måltid. Dette er den fysisk enklaste "På rett spor".

Dato: 20. mai kl. 16.00 – 21. mai kl. 16.00

Plassar: 12 eller 18
Pris: 600 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 6. mai
Innhald: Overnatting i hengekøye, telt eller hytte. Ca. 3 timar med rafting i Jølstra, med Jølster Rafting. Ei overnatting. Tre måltid. Ved stor vassføring, brukar vi eit lettare parti av elva. Paintball er reserveaktivitet.

Dato: 10. juni kl. 17.00 – 11. juni kl. 14.00
Plassar: 30
Pris: 600 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 29. mai

Innhald: Overnatting i hengekøye i Trivselsskogen. 3 timar klatring utandørs med instruktørar frå Hamna på Sagefloten. Ei overnatting. Tre måltid. 

Dato: 15. juni kl. 17.30 – 16. juni kl. 08.00
Plassar: 20
Pris: 200 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 12. juni.
Innhald: Vi tilbyr ei overnatting for dei eldste barnehagebarna. Overnatting i hytte eller telt. To måltid. Føresette kan overnatte i nærleiken om ønskjeleg.

Dato: 3. august kl. 16.00 – 5. august kl. 12.00
Plassar: 20
Pris: 800 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 20. juni
Innhald: Oppmøte på Klenkarberget eller anna oppgitt adresse, der vi går gjennom reglar og planlegg dei to neste døgna. Ved hjelp av kart, kompass og kjekke oppgåver skal barna finne den rette vegen. Samarbeid, planlegging, retningssans og motorikk blir testa, og det sosiale er i høgsetet gjennom heile turen. To overnattingar. Fire måltid. Sjølv om turen skal vere hemmeleg for deltakarane, kan føresette ta kontakt før turen - for å finne ut kor hard turen blir og om dykkar barn klarar å gjennomføre den.

Dato: 18. august kl. 18.00 - 19. august kl. 10.00
Plassar: 20
Pris: 200 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 16.august

Innhald: Overnatting i hengekøye. Meir info kjem på e-post etter påmelding.

Dato: 2. september kl. 17.00 – 3. september kl. 16.00
Plassar: 20
Pris: 600 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 20. august
Innhald: Overnatting i telt. Ca. 2 timar med surfing, med instruktørar frå Lapoint. Ei overnatting. Tre måltid. (Ikkje 100 % bekrefta endå).

Dato: 8. september kl. 17.00 – 9. september kl. 16.00
Plassar: 20
Pris: 600 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 27. august
Innhald: Overnatting i telt. Ca. 2 timar med surfing, med instruktørar frå Lapoint. Ei overnatting. Tre måltid. (Ikkje 100 % bekrefta endå).

Dato: 28.oktober kl. 10.00 – 29. oktober kl. 12.00
Plassar: 20
Pris: 400 kroner
Påmeldingsfrist: Først til mølla, men seinast 20. oktober
Innhald: Oppmøte på Klenkarberget eller anna oppgitt adresse i nærområdet, der vi går gjennom reglar og planlegg det neste døgnet. Ved hjelp av kart, kompass og kjekke oppgåver skal barna finne den rette vegen. Samarbeid, planlegging, retningssans og motorikk blir testa, og det sosiale er i høgsetet gjennom heile turen. Ei overnatting. Tre måltid. Ved mykje snø eller dårleg vèr, blir det forskjellige aktivitetar i lavlandet.